16 Dec 2022 14:25 CET

Generalforsamlingane i Linja AS og Mørenett AS har i dag gjort vedtak om å
fusjonere dei to selskapa. Det fusjonerte selskapet vil få namnet Linja AS.

Eigarsamansettinga i det fusjonerte selskapet vil vere slik:
• Tafjord Kraft AS 33,8%
• Sogn og Fjordane Energi AS 33,3%
• Tussa Kraft AS 32,9%

I forkant av fusjonen vil Sogn og Fjordane Energi AS ta eit utbytte frå Linja AS
på 86,450 MNOK for at eigarsamansettinga i det fusjonerte selskapet blir slik
som tidlegare avtalt.

Selskapet vil vere ei felleskontrollert verksemd som krev semje mellom
aksjonærane i viktige saker.

Linja AS har vore finansiert gjennom sitt morselskap Sogn og Fjordane Energi AS.
Etter fusjonen med Mørenett AS vil det fusjonerte selskapet 2. mai 2023 innfri
all gjeld på 1.300 MNOK som Linja AS har til morselskapet sitt.
Fusjonen vil ha rekneskapsmessig verknad etter utløpet av kreditorfristen,
tentativt 1. mars 2023.

Kontaktperson:
Konserndirektør Økonomi og Finans Martin Holvik, epost martin.holvik@sfe.no, tlf
91695234


578471_Pressemelding fusjon Mørenett - Linja.pdf

Kilde

Sogn og Fjordane Energi AS

Leverandør

Oslo Børs Newspoint

Company Name

Sogn og Fjordane Energi AS 13/23 4,95%, Sogn og Fjordane Energi AS 16/26 3,41%, Sogn og Fjordane Energi AS 18/25 3,00%, Sogn og Fjordane Energi AS 18/28 3,34%, Sogn og Fjordane Energi AS 19/24 FRN, Sogn og Fjordane Energi AS 19/27 2,85%, Sogn og Fjordane Energi AS 20/23 FRN, Sogn og Fjordane Energi AS 21/31 2.505pct, Sogn og Fjordane Energi AS 21/26 FRN

ISIN

NO0010671134, NO0010759087, NO0010822984, NO0010822992, NO0010849979, NO0010849987, NO0010894579, NO0011013666, NO0011013658

Marked

Nordic Alternative Bond Market Euronext Oslo Børs