01 Mar 2022 11:48 CET

• Fjord1 held fram med trygg og påliteleg drift, og har samstundes oppfylt
ansvaret som leverandør av kritisk transportinfrastruktur i kyst-Noreg.
• Inntekta i fjerde kvartal var 712 millionar kroner. Det er ein nedgang på 14
prosent frå same kvartal året før. Dette skuldast primært bortfall av
ferjekontrakten på Molde-Vestnes.
• EBITDA var 174 millionar kroner i fjerde kvartal, og EBITDA-marginen fall til
24 prosent frå 32 prosent i same kvartal året før. Dette skuldast i hovudsak at
forsinka oppstart av full-elektriske ruter har utsett drivstoffinnsparing, og
høgare pris på diesel enn i same kvartal året før.
• For heile 2021 var inntektene 2.869 millionar kroner (3.118) og EBITDA 837
millionar kroner (1.063), svarande til ein EBITDA-margin på 29 prosent (34).
• Investeringane var på 155 millionar kroner i fjerde kvartal, i hovudsak for
infrastrukturprosjekt knytt til elektrifisering og ombygging av fartøy.
Investeringane var 634 millionar kroner for heile 2021. Det var ein reduksjon på
om lag 56 prosent frå same 2020, då investeringane i nybygg og elektrifisering
toppa ut.
• Netto renteberande gjeld (NIBD) var på 5.090 millionar kroner per 31. desember
2021. Selskapet har lågare investeringsforpliktingar framover, og vil bruke
kontantstraum frå drift, inntekt frå sal av infrastruktur og NOx kompensasjon
for elektriske ferjer til redusere gjelda vidar.
• Porteføljen av langtidskontraktar har ein verdi på 21.0 milliardar kroner før
indeksregulering, og gir saman med flåtefornyingsprogrammet mot ein grønare
framtid eit solid grunnlag for vidare utvikling av Fjord1.

«Inntektene fall med åtte prosent til 2,9 milliardar kroner i 2021, og
resultatmargin før avskrivingar fall til 29% frå 34% i 2020. Fallet i inntekter
skuldast primært bortfall av kontrakten på Molde-Vestnes, medan dei lågare
marginane skuldast forsinka oppstart av dei full-elektriske ruter og høgare
dieselprisar. Ferjene er elles i stabil drift, og Catering ser stadige
forbetringar. Vi forventar betre kontantstraum frå drift, lågare investeringar
og reduksjon av gjeld framover,» seier administrerande direktør i Fjord1,
Dagfinn Neteland.

Framtidsutsikter

Fjord1 kjenner seg sikker på at det og i framtida vil vere stort behov for
trygg, miljøvennleg og påliteleg transport i kystregionane. Selskapet vurderer
kontinuerleg nye anbod i den norske marknaden, og mogelegheiter utanfor Noreg.
Selskapet sin sterke kontraktsportefølje er på 21,0 milliardar kroner før
opsjonar og indeksregulering og strekk seg gjennom 2034, noko som gir ei solid
plattform for lønnsam vekst.

Fjord1 er forplikta til å helde fram med reduksjon av utslepp og elektrifisering
av norske fjordsamband. Når planlagde elektriske ruter er fasa inn og
infrastrukturprosjekta blir fullførte ventar selskapet at det totale
kostnadsnivået stabiliserer seg på et lågare nivå, noko som vil auke lønsemda.
Selskapet hadde netto renteberande gjeld på 5,1 milliardar kroner ved utgangen
av året, ned frå 5,8 milliardar ved utgangen av september 2020. Selskapet
planlegg for eit lågare investeringsnivå framover og ventar at størstedelen av
kontantstraum frå drifta og inntekter frå sal av infrastrukturprosjekt vil nytta
til å redusere renteberande gjeld ytterlegare.

Rapporten for fjerde kvartal og heile året 2021 lagt ved meldinga, og er også å
finne på
https://www.fjord1.no/Investor-Relations/Rapportar-og-pressemeldingar/Rapportar/
Rapportar-2021.

Denne meldinga er informasjonspliktig etter verdipapirhandelloven §5-12.

Kontaktar

Dagfinn Neteland, adm. dir. Fjord1 AS
dagfinn.neteland@fjord1.no
+47 913 71 071

Eller

Anne-Mari Sundal Bøe, økonomi- og finansdirektør, Fjord1 AS
anne.mari.sundal.boe@fjord1.no
+47 902 78 906

Om Fjord1

I Fjord1 har vi som mål å vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av
miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport for kundane, oppdragsgjevarane og
samarbeidspartnarane våre. Fjord1 er ein leiande aktør på den norske
ferjemarknaden og har over 80 ferjer. I tillegg til passasjerbåttenester driv
selskapet verksemd innanfor catering og turisme.
Les meir på www.fjord1.no


555286_6 Kvartalsrapport Q4 2021 NO.pdf

Kilde

Fjord1 AS

Leverandør

Oslo Børs Newspoint

Company Name

Fjord1 ASA 17/22 FRN

ISIN

NO0010810302

Marked

Oslo Børs