16 Feb 2022 08:00 CET

Året 2021 vart eit godt år for Tysnes Sparebank
Året 2021 var prega av pandemi og utfordringar for privatpersonar og verksemder.
Tysnes Sparebank nådde eit resultat før skatt på 35,1 mill. kr., om lag på nivå
med resultatet året før.

Rentemarginen er lågare enn året før, medan provisjonsinntektene har auka.
Årsaka til inntektsauken er at fleire kundar har valgt Tysnes Sparebank som sin
hovedbank, noko som har resultert i auka rente- og provisjonsinntekter.

Vekst i utlån på 3,5 %
Banken har i løpet av 2021 hatt ein vekst i utlån på 3,5 %. Dette har vore eit
val banken gjorde i samband med pandemien og den usikkerhet som den medførte.

«Vi er godt nøgde med resultatet for 2021. Ein lågare utlånsvekst enn tidlegare
år har vore ein bevisst strategi for å være ekstra forsiktig i den usikre tida
vi har hatt» uttalar banksjef Dag Sandstå.


Endring av dataleverandør medførte auka kostnader
Banken er ein del av Eika-alliansen der 53 små og mellomstore bankar samarbeider
om mellom anna IT-utvikling. Bankane i Eika vedtok i 2021 å skifte
dataleverandør frå danske SDC til norsk/finske TietoEvry. Flytteprosessen vil
skje i puljer i tida framover. Dette skifte medfører auka kostnader i den tida
sjølve flytteprosessen pågår. Målet er reduserte datakostnader når banken har
bytt dataleverandør.


God avkastning på eigenkapitalbeviset i banken
Det gode resultatet gjev ei avkastning per eigenkapitalbevis på kr. 9,02. Dette
er eit beløp eigarar av eigenkapitalbevis kan vente seg i løpet av våren 2022.

Det endelege årsrekneskapet skal godkjennast av forstanderskapet i møtet 30.
mars 2022.


Dersom det er spørsmål til pressemeldinga kan desse rettast til banksjef Dag
Sandstå telefon 90089084 eller epost dsa@tysnes-sparebank.no.



Tysnes, 15. februar 2022

Dag Sandstå
Banksjef


553900_Kvartalsrapport 4 kvartal 2021 Tysnes Sparebank.pdf

Kilde

Tysnes Sparebank

Leverandør

Oslo Børs Newspoint

Company Name

Tysnes Spb 17/27 FRN C SUB, TYSNES SPAREBANK, Tysnes Spb 18/23 FRN, Tysnes Spb 18/PERP FRN C HYBRID, Tysnes Spb 19/22 FRN, Tysnes Spb 19/25 FRN, Tysnes Spb 20/24 FRN, Tysnes Spb 21/26 FRN, Tysnes Spb 21/25 FRN, Tysnes Spb 21/24 FRN

ISIN

NO0010807704, NO0010731615, NO0010834047, NO0010839947, NO0010860851, NO0010871437, NO0010875222, NO0010891633, NO0010917305, NO0010917321, NO0011035545

Ticker

TYSB

Marked

Nordic Alternative Bond Market Euronext Growth