14 Feb 2022 13:19 CET

Utsteder

Sogn Sparebank

1. SAMANDRAG
Sogn Sparebank legg fram eit driftsresultat før tap på 69,2 mill. kroner pr.
31.12.2021.
Banken har ei positiv utvikling, og leverer 21,6 % prosent betre enn fjoråret.
Den positive utviklinga kjem hovudsakleg som følje av reduksjon av
driftskostnadar og mindre tap på utlån. På bakgrunn av den positive utviklinga
gjer styret i banken framlegg om å dele ut 4,4 MNOK i gåvemidlar tilbake til
lokalsamfunna, samt utbytte per EK-bevis på 5,50 NOK.

Morbanken har pr. 31.12.2021 kostnadsført nedskrivingar på utlån og garantiar
med 4,4 mill. kroner. Driftsresultatet etter skatt gir ein
eigenkapitalavkastning pr. 31.12.2021 på 5,5 %. Banken rapporterer eit
totalresultatet pr. 31.12.2021 på 59,5 mill. kroner.

2. Foreløpig årsresultat 2021 (årsresultat 2020 i parentes)
• Resultat før tap: 69,2 MNOK (56,9 MNOK)
• Resultat etter skatt: 52,1 MNOK (33,2 MNOK)
• Eigenkapitalavkastning: 5,5 % (3,65 %)
• Rentenetto: 112,1 MNOK/1,49 % av gjennomsnittleg forvaltningskapital (106,7
MNOK/1,52 % gjennomsnittleg forvaltningskapital)
• Kostnadar i forhold til inntekter: 60,0 % (68,8%)
• Rein kjernekapitaldekning morbank: 22,8 % (21.9 %)
• Rein kjernekapitaldekning konsolidert: 20,7 % (20,6 %)
• Forteneste pr. eigenkapitalbevis morbank: 11,14 NOK (6,95 NOK)
• Utlånsvekst siste 12 mnd.: 0,1 %
• Innskotsvekst siste 12 mnd.: 0,8 %
• Utdeling av gåver frå Gåvefondet kroner 4, 4 MNOK (2,6 MNOK)
• Utbytte pr. EK-bevis for 2021 5,50 NOK (3,50 NOK)
Me gjer merksam på at utbytte og gåver må godkjennast av Generalforsamling 2022.

3. HOVUDRAPPORT
Sjå vedlegg for komplett delårsrapport og rekneskap Q4-2021.

4. KONTAKTPERSONAR
Adm. banksjef Mads Arnfinn Indrehus, tlf. 90950615
Ass. banksjef Gunnar Skahjem, tlf. 91374994

Sogn Sparebank er styrt frå Sogn og i kraft av samfunnsansvaret vårt gjev me
tilbake til Sogn. Kvart år deler me ut ein del av overskotet i form av
gåvemidlar til ålmennyttige tiltak, me sponsar organiserte aktivitetar for born
og unge og me er ein stor bidragsytar for festivalar og arrangement i vårt
område. Me kjenner lokalmarknaden vår og er ein nær medspelar for kundane våre,
i tillegg til å tilby eit komplett produkt- og tenestespekter både for bedrifter
og privatpersonar.


553648_Sogn Sparebank 2021 Q4.pdf

Kilde

Sogn Sparebank

Leverandør

Oslo Børs Newspoint

Company Name

SOGN SPAREBANK, Indre Sogn Spb 18/PERP FRN C HYBRID, Sogn Spb 19/22 FRN, Sogn Spb 20/23 FRN, Sogn Spb 21/24 FRN

ISIN

NO0006000603, NO0010824931, NO0010861875, NO0010873912, NO0010947377

Ticker

SOGN

Marked

Oslo Børs Nordic Alternative Bond Market