- Hjem
- Aksjer
- Company Press Releases
- Sparebanken Sogn og Fjordane 4. Kvartal 2022
Sparebanken Sogn og Fjordane 4. kvartal 2022
09 Feb 2022 16:50 CET
Utsteder
SpareBank 1 Sogn og Fjordane
Styret i Sparebanken Sogn og Fjordane har handsama rekneskapen for 4. kvartal
2021. Rekneskapen viser eit totalresultat på 196 millionar kroner for kvartalet
og ein eigenkapitalavkastning på 13,7 %.
For året samla enda totalresultatet på 666 millionar kroner. Dette er ein
resultatframgang på 50 % frå 2020 og er Sparebanken Sogn og Fjordane sitt beste
resultat nokon sinne. Det gir ein eigenkapitalavkastning på 12,4 % for året,
noko styret i banken er svært godt nøgd med.
Meir om 4. kvartal
Netto renteinntekter enda på 250 millionar kroner, ein auke på 17 millionar
kroner frå 4. kvartal 2020 og ein auke på 15 millionar kroner frå førre kvartal.
Banken har 5,0 % vekst i utlån siste 12 månadar. Utlån til privatmarknaden aukar
mest, med 6,5 % siste 12 månadar. Utlån til bedriftsmarknaden har auka med 0,8 %
siste 12 månadar.
Andre driftsinntekter eksklusiv finansielle postar auka med 5 million kroner frå
4. kvartal 2020 til 42 millionar kroner. Finansielle postar enda på 63 millionar
kroner mot 27 millionar kroner i 4. kvartal 2020. Auken i finansielle postar
kjem primært frå verdiauke på strategiske investeringar i mellom anna Frende
Forsikring og Balder Betaling (Vipps).
Kostnadane er redusert med 18 millionar kroner, samanlikna med 4. kvartal i
fjor. Ein vesentleg del av reduksjonen skuldast eingongskostnadar i fjor, men
banken har også lukkast med stram kostnadsstyring i 2021 og har redusert
underliggande kostnadar, mellom anna innanfor IT. Banken har derfor også lågare
kostnadar for året under eitt, trass i at banken gjorde avsetningar til sluttløn
i 1. kvartal 2021.
Banken har netto 1 million kroner i tap i 4. kvartal, mot netto inntektsføring
av 1 million kroner i 4. kvartal 2020. For 2021 samla vart det eit svært godt
resultat med 37 millionar kroner i netto inntektsføring på tap, noko som er ein
vesentleg forklaring bak resultatframgangen i 2021.
I sum gir dette eit resultat før skatt på 231 millionar kroner og eit
totalresultat etter skatt på 196 millionar kroner i 4. kvartal. For 2021 samla
er totalresultatet etter skatt 666 millionar kroner, noko som gir ein
eigenkapitalavkastning på 12,4 %.
Styret i banken foreslår 9 kr pr EK-bevis i utbytte, ein auke på 50 % frå året
før. Dette kombinert med ei gåveavsetning på 12 millionar kroner gir ein
utdelingsgrad i overkant av 30 % av disponibelt resultat. Gitt denne
utdelingsgraden får konsernet rein kjernekapitaldekning på 16,6 % ved utgangen
av året og total kapitaldekning på 19,4 %.
Den fullstendige kvartalsrapporten er lagt ved, saman med ein presentasjon av
tala pr. 4. kvartal 2021.
Kontaktpersonar:
Trond Teigene, adm. direktør, tlf. 908 25 086
Frode Vasseth, direktør økonomi og finans, tlf. 951 98 452
More information:
Access the news on Oslo Bors NewsWeb site
553102_SSF Investorpresentasjon Q4 2021.pdf
553102_SSF Kvartalsrapport Q4 2021.pdf
Kilde
Sparebanken Sogn og Fjordane
Leverandør
Oslo Børs Newspoint
Company Name
Spb Sogn og Fjordane 15/25 2,45%, Spb Sogn og Fjordan 17/PERP FRN C HYBRID, Spb Sogn og Fjordane 17/22 1,92%, Spb Sogn og Fjordane 18/28 FRN C SUB, Spb Sogn og Fjordane 18/29 FRN C SUB, Spb Sogn og Fjordane 18/23 2,60%, Spb Sogn og Fjordane 19/22 FRN, Spb Sogn og Fjordane 19/30 FRN C SUB, Spb Sogn og Fjordane 19/23 FRN, Spb Sogn og Fjordane 19/24 2,09%, Spb Sogn og Fjordan 19/PERP FRN C HYBRID, Spb Sogn og Fjordane 20/25 FRN, Spb Sogn og Fjordane 21/27 FRN C, Spb Sogn og Fjordane 21/31 1.91 pct, Spb Sogn og Fjordane 21/28 2.15 pct, Spb Sogn og Fjordane 21/25 FRN C, Spb Sogn og Fjordane 21/24 FRN, Spb Sogn og Fjordan 21/PERP FRN C HYBRID
ISIN
NO0010734858, NO0010790124, NO0010804230, NO0010826431, NO0010834443, NO0010835309, NO0010842248, NO0010852007, NO0010861362, NO0010863509, NO0010861883, NO0010869522, NO0010891880, NO0010917271, NO0010922826, NO0010984180, NO0011036154, NO0011096554, NO0011084758
Marked
Nordic Alternative Bond Market