24 Jan 2022 14:00 CET

I 2021 har det vore store skilnader i kraftprisen mellom dei ulike prisområda i
Norge. Tabellen vedlagt viser prisen for 1. og 2. halvår samt 2021 samla for dei
ulike prisområda i tillegg til systemprisen.

Sogn og Fjordane Energi AS (SFE) har ca 96% av kraftproduksjonen i NO3 og ca 4%
i NO5. I 2021 har ca 40% av produksjonen vore prissikra mot systempris.
Bakgrunnen for prissikring mot systempris er den gode korrelasjonen det har vore
historisk mellom prisområdet NO3 og systempris og ønsket om å skape
forutsigbarhet for framtidige inntekter og resultat. SFE har frå og med 2021
sikringsbokført kraftkontrakter i samsvar med IFRS 9. Dette innebærer at
verdiendringa på kraftkontrakter som sikrar framtidig kraftproduksjon vert
midlertidig ført mot eigenkapitalen over utvida resultat.

SFE rapporterte 30.08.21 resultat for 1. halvår på 137 mill. kr etter skatt. I
halvårsrapporten vart det signaliserte eit resultat for 2021 på nivå med
resultatet i 2020 på 200 mill. kr. Pga den store skilnaden det har vore mellom
NO3-pris og systempris i 2. halvår 2021 har sikringseffektiviteten vore låg.
Dette gir eit negativt resultatbidrag for 2021 på ca 150 mill. kr etter skatt.
Om lag 60 mill. kr av dette var tatt inn i resultatguidinga for 2021 i
halvårsrapporten.

Pga den store skilnaden mellom systempris og NO3-pris 2. halvår 2021 og fordi
marknaden forventar vesentlege skilnader også dei nærmaste åra, vil SFE bokføre
ein ineffektivitet på sikringskontrakter for levering i 2022 og seinare med
referansepris systempris knytt til kraftproduksjon i NO3 ved avlegging av
rekneskapen for 2021. Auken i systempris gjer at SFE har negative
kontraktsverdiar 31.12.2021. Denne negative verdien vil gi eit negativt
resultatbidrag for 2021 på ca 160 mill. kr etter skatt.

I sum vil desse to forholda medføre at resultatet for 2021 som SFE vil
offentleggjere 31. mars 2022 vil vere vesentleg svakare enn signalisert i
halvårsrapporten 30.08.21.

For 2022 er volumet prissikringskontrakter til systempris vesentleg lågare enn
for 2021. For 2023 og 2024 samla er mindre enn 10% av forventa kraftproduksjon
prissikra til systempris. For perioden etter 2024 har ikkje SFE
prissikringskontrakter til systempris, og vi vil heller ikkje inngå nye
kontrakter med referanse systempris slik situasjonen er no, men vi vil ønskje å
inngå prissikringskontrakter i NO3 til akseptable vilkår. Sidan den negative
marknadsverdien av prissikringskontraktene vil bli resultatført i 2021 vil berre
framtidig verdiendring bli resultatført etter 2021. Resultatet for 2022 vil
såleis ikkje bli negativt påverka av dagens prisskilnad mellom NO3-pris og
systempris.


551869_Pristabell.pdf

Kilde

Sogn og Fjordane Energi AS

Leverandør

Oslo Børs Newspoint

Company Name

Sogn og Fjordane Energi AS 13/23 4,95%, Sogn og Fjordane Energi AS 16/26 3,41%, Sogn og Fjordane Energi AS 17/22 FRN, Sogn og Fjordane Energi AS 18/25 3,00%, Sogn og Fjordane Energi AS 18/28 3,34%, Sogn og Fjordane Energi AS 19/24 FRN, Sogn og Fjordane Energi AS 19/27 2,85%, Sogn og Fjordane Energi AS 20/23 FRN, Sogn og Fjordane Energi AS 21/31 2.505pct, Sogn og Fjordane Energi AS 21/26 FRN

ISIN

NO0010671134, NO0010759087, NO0010805930, NO0010822984, NO0010822992, NO0010849979, NO0010849987, NO0010894579, NO0011013666, NO0011013658

Marked

Nordic Alternative Bond Market Oslo Børs