16 Dec 2021 10:00 CET

Tussa Kraft AS, Tafjord Kraft AS og Sogn og Fjordane Energi AS har inngått
intensjonsavtale om at nettselskapa Linja AS og Mørenett AS skal utgreie
moglegheitene for samanslåing. Utgreiinga skal gjennomførast i 1. halvår 2022.
Eventuell samanslåing av nettselskapa vil skje i 2. halvår 2022.
Linja AS er 100% dotterselskap av Sogn og Fjordane Energi AS, medan Mørenett AS
er felleskontrollert verksemd av Tussa Kraft AS (49,3%) og Tafjord Kraft AS
(50,7%). Mørenett AS er eigar av distribusjonsnett i kommunane Ålesund, Giske,
Sula, Fjord, Ulstein, Hareid, Herøy, Sande, Vanylven, Ørsta, Volda, Stryn og
deler av Stad. Linja AS eig distribusjonsnett i kommunane Kinn, Bremanger,
Gloppen, Askvoll, mesteparten av Stad og deler av Sunnfjord.
Eit eventuelt felles nettselskap vil ha ca 96.000 nettkundar og har ein samla
nettkapital pr 31.12.20 på 4.053 MNOK.
Det vert vist til vedlagt pressemelding for ytterliggare informasjon.
Kontaktperson: Konserndirektør for Økonomi og Finans Martin Holvik, mobil
91695234


549529_20211216 - Pressemelding Mørenett og Linja.pdf

Kilde

Sogn og Fjordane Energi AS

Leverandør

Oslo Børs Newspoint

Company Name

Sogn og Fjordane Energi AS 13/23 4,95%, Sogn og Fjordane Energi AS 16/26 3,41%, Sogn og Fjordane Energi AS 17/22 FRN, Sogn og Fjordane Energi AS 18/25 3,00%, Sogn og Fjordane Energi AS 18/28 3,34%, Sogn og Fjordane Energi AS 19/24 FRN, Sogn og Fjordane Energi AS 19/27 2,85%, Sogn og Fjordane Energi AS 20/23 FRN, Sogn og Fjordane Energi AS 21/31 2.505pct, Sogn og Fjordane Energi AS 21/26 FRN

ISIN

NO0010671134, NO0010759087, NO0010805930, NO0010822984, NO0010822992, NO0010849979, NO0010849987, NO0010894579, NO0011013666, NO0011013658

Marked

Nordic Alternative Bond Market Oslo Børs