02 Oct 2025 13:00 CEST

Utsteder

SpareBank 1 Sogn og Fjordane

SpareBank 1 Sogn og Fjordane har over tid jobba målretta for å effektivisere
drifta av banken, og har sidan våren 2025 gjennomført eit kostnadsprosjekt for å
sjå på dette. No går prosjektet inn i ein ny fase.

SpareBank 1 Sogn og Fjordane har rundt 300 årsverk og vil no redusere med 20
årsverk. Banken vil gjennom ein frivillig prosess tilby tilsette i
støttefunksjonar å søke om sluttpakkar. Prosessen er tenkt å vare fram til
nyttår.

- Kostnadseffektiv drift og organisering er avgjerande for banken sin
konkurranseevne over tid. Vi ser det er rom for å effektivisere
støttefunksjonane i banken. Rådgjevarane våre på privatmarknad og
bedriftsmarknad er ikkje ein del av dei som får tilbod om sluttpakke, seier
administrerande direktør Trond Teigene.

Som ein del av prosessen vil banken også sjå på organisering.
- Vi ønskjer færre og større einingar. Dette vil legge til rette for betre og
meir effektiv ressursutnytting og samarbeid internt, seier Teigene.

Leiinga samarbeider med tillitsvalde-apparatet i banken.
- Bransjen er i stadig endringar, og det har over lengre tid blitt jobba med
kostnadskutt i banken. Det er derfor ikkje uventa at det kjem ei sluttpakkerunde
og ei omorganisering. Tillitsvalde-apparatet og leiinga har vore gjennom slike
runder tidlegare med ryddige prosessar, og vi forventar ryddige og gode
prosesser denne gangen også, seier hovudtillitsvald Stine Solheimsnes Sunde.

For meir informasjon:
Adm. direktør Trond Teigene, trond.teigene@ssf.no, 908 25 086
Direktør økonomi og finans Frode Vasseth, frode.vasseth@ssf.no, 951 98 452


Kilde

SpareBank 1 Sogn og Fjordane

Leverandør

Oslo Børs Newspoint

Company Name

Spb Sogn og Fjordane 21/27 FRN C, Spb Sogn og Fjordane 21/31 1.91 pct, Spb Sogn og Fjordane 21/28 2.15 pct, Spb Sogn og Fjordan 21/PERP FRN C HYBRID, Spb Sogn og Fjordan 22/PERP FRN C HYBRID, Spb Sogn og Fjordane 23/33 FRN C SUB, Spb Sogn og Fjordane 23/PERP FRN HYBRID, Spb Sogn og Fjordane 23/26 FRN, Spb Sogn og Fjordane 23/27 5,20%, Spb Sogn og Fjordane 23/27 FRN, Spb Sogn og Fjordane 23/29 5,545%, Spb Sogn og Fjordane 24/34 ADJ C SUB, Spb Sogn og Fjordane 24/29 4,96%, Spb Sogn og Fjordan 24/PERP FRN C HYBRID, Spb 1 Sogn og Fjord 25/PERP ADJ C HYBRID, Spb 1 Sogn og Fjordane 25/35 ADJ C SUB, Spb 1 Sogn og Fjordane 25/28 FRN

ISIN

NO0010917271, NO0010922826, NO0010984180, NO0011084758, NO0012426347, NO0012858549, NO0012940362, NO0012938994, NO0013005322, NO0013042465, NO0013060749, NO0013178673, NO0013197095, NO0013323436, NO0013484782, NO0013502450, NO0013556621

Marked

Nordic Alternative Bond Market