19 Nov 2024 09:43 CET

Utsteder

Sogn og Fjordane Energi AS

Dei to største eigarane i Sogn og Fjordane Energi AS (SFE), Sogn og Fjordane
Holding AS og Eviny AS, inngjekk 14. juni 2024 intensjonsavtale om felles
utgreiing av den framtidige eigarsituasjonen i SFE. Alternativa som skulle
utgreiast var:
(i) ein fusjon mellom Eviny og SFE
(ii) vidare eigarskap som i dag
(iii) utgreie modell og løysing der Eviny gir slipp på eigarskapen i SFE.

Utgreiing av alternativ (i) og (ii) er avslutta og det foreligg rapportar frå EY
og KPMG, samt ein rapport frå SFE. Dette utgjer avgjerdsgrunnlaget for
eigarane. Eigarane skal ta stilling til om selskapa skal gå vidare i ein
fusjonsprosess eller om prosessen vert avslutta no.

Styret i Sogn og Fjordane Holding AS tilrår sine eigarar å avslutte prosessen
no.

Også styret i SFE tilrår sine eigarar å avslutte prosessen no. Styret si
vurdering er at dei kalkulerte gevinstane ved ein fusjon er for små og usikre i
forhold til risikoen og dei moglegheitene SFE har som eige selskap. Styret
meiner SFE har soliditet, utbyggingsprosjekt og kompetanse til å løyse
selskapet sitt samfunnsoppdrag.


632602_Utgreiing av eit sjølvstendig SFE.pdf
632602_EY rapport - Executive summary.pdf
632602_KPMG Bytteforhold - Sammendrag av rapport.pdf
632602_Pressemelding SFE.pdf
632602_Styrevedtak Framtidig Eigarskap SFE.pdf

Kilde

Sogn og Fjordane Energi AS

Leverandør

Oslo Børs Newspoint

Company Name

Sogn og Fjordane Energi AS 16/26 3,41%, Sogn og Fjordane Energi AS 18/25 3,00%, Sogn og Fjordane Energi AS 18/28 3,34%, Sogn og Fjordane Energi AS 19/27 2,85%, Sogn og Fjordane Energi AS 21/31 2.505pct, Sogn og Fjordane Energi AS 21/26 FRN

ISIN

NO0010759087, NO0010822984, NO0010822992, NO0010849987, NO0011013666, NO0011013658

Marked

Oslo Børs