- Hjem
- Aksjer
- Company Press Releases
- Tysnes Sparebank Regnskap For 3. Kvartal 2024
Tysnes Sparebank regnskap for 3. kvartal 2024
15 Nov 2024 08:00 CET
Utsteder
Tysnes Sparebank
Godt driftsresultat, men tapsavsetningar dreg ned resultat før skatt
Banken har eit resultat før tap og skatt på heile 53,7 mill.kr., noko som er 7,6
mill.kr. betre enn same tid i fjor. I samband med den pågående fusjonsprosessen
har alle bankens største bedriftsengasjement vorte vurdert og det er krav om at
usikkerhet skal hensyntas i den vidare prosessen. Etter tapsavsetningar vert
bankens resultat negativt med 24,8 mill.kr.
Tapsavsetningane som er gjort i 3. kvartal er relatert til fleire
kundar/kundegrupper. Det er gjort vurderingar av enkeltengasjement der lån,
drift og realisasjonsverdiar i eit konkursscenario er kvantifisert. Etter at
banken la fram halvårsresultatet 2024 har det vore ei negativ utvikling i nokre
av dei misleghaldne bedriftsengasjementene.
«Det er ei stor avsetning banken gjer i 3. kvartal, samstundes er det positivt å
ta med at driftsresultatet er svært godt» uttaler banksjef Dag Sandstå.
Banken ligger over myndighetskravene for soliditet, tross ei stor tapsavsetning.
Konsolidert ren kjernekapitaldekning ligger 17,4 % vs. et krav på 16,0%.
God kostnadsutvikling
Banken har ved utgangen av 3. kvartal ein kostnadsprosent på 40,5 %. Det er ei
betring fra om lag 50 % ved inngongen til 2024.
Innskot er stabile og banken har god likviditet
Banken har over fleire år bygd opp innskotsvolumet frå privat- og
bedriftskundar. Ved utgangen av 3. kvartal er innskotsdekninga på heile 86,9 %.
Likviditeten i banken er god, og det er inngått avtale med Eika
Kapitalforvaltning om å styra overskotslikviditeten i banken med låg
risikotoleranse.
Fusjonsprosessen held fram
Fusjonsprosessen pågår fortsatt, men det vil ta noko meir tid enn opprinnelig
forutsatt å framforhandle eit bytteforhold som ivaretar interessene for eigarane
i Tysnes Sparebank og Haugesund Sparebank på ein tilfredsstillande måte.
Reforhandling av bytteforholdet og andre deler av fusjonsavtalen følger dei
avtalte prinsippene i fusjonsavtalen. Partene forventar at gjennomføring av
sammenslåingen skjer i løpet av andre eller tredje kvartal 2025.
Dersom det er spørsmål til pressemeldingen kontakt banksjef Dag Sandstå, telefon
900 89 084 (epost dsa@tysnes-sparebank.no) eller styreleiar Bente Raknes,
telefon 452 52 954.
Tysnes, 15. november 2024
Dag Sandstå
Banksjef
More information:
Access the news on Oslo Bors NewsWeb site
Kilde
Tysnes Sparebank
Leverandør
Oslo Børs Newspoint
Company Name
Tysnes Spb 19/25 FRN, Tysnes Spb 21/26 FRN, Tysnes Spb 21/25 FRN, Tysnes Spb 21/24 FRN, Tysnes Spb 22/26 FRN, Tysnes Spb 22/32 ADJ C SUB, Tysnes Spb 23/27 FRN, Tysnes Spb 24/27 FRN, Tysnes Spb 23/PERP ADJ C HYBRID, Tysnes Spb 24/34 ADJ C SUB, TYSNES SPAREBANK
ISIN
NO0010871437, NO0010917305, NO0010917321, NO0011035545, NO0012639592, NO0012706730, NO0012819954, NO0013121186, NO0013091744, NO0013167999, NO0013191684, NO0013374470, NO0010731615
Ticker
TYSB
Marked
Nordic Alternative Bond Market Euronext Growth